onsdag 20. april 2011
mandag 18. april 2011
Simsala Søm
Det er så mykje ein skulle gjort, men så lite motivasjon til å faktisk gjere det. På den måten har eg det veldig likt med elevane mine, det er ikkje evnen, og forsåvidt ikkje viljen heller, det går på - det er motivasjonen. Skulle gjerne ha gjort det, men - nei, ikkje i dag i alle fall.
Som det står i headeren er eg student. Det er ein månad og ein dag til eksamen, og pensumbøkene ligg trygt i bokhandelen fortsatt. Det var dette med motivasjonen. På eit vis så trur eg nok at eg har kontroll, og derfor får eiegode Theo Koritsinsky (skriv han namnet sitt slik mon tru?) liggje i fred for meg - så er den tilgjengeleg for nokon som verkeleg treng å lesa han.
Men - sidan eg slett ikkje les til eksamen, og eg ser enden på novelleretting og plagieringshelvetet - då har eg brått fått tid til å sy. Sy - eg som aldri har sydd meir enn nokre gardinlengder har brått fått det for meg at eg skal sy. Eg er jo slett ikkje flink til å sy, og tålmodig er eg i alle fall ikkje - derfor er syprosjekta enkle og ikkje større enn at dei vert ferdige på ein kveld eller to. No har me snart brødkurvar nok til å byte til kvart måltid, fleire dagar på rad. Og vesker til eit fleirtal av familiens medlemmar er også produsert. For ikkje å snakke om kjolar til den stakkars dottera mi - ho gler seg nok ekstra til denne dilla er over ;-)

søndag 24. oktober 2010
Kunsten å gle seg
Det har byrja å bli kaldt ute, og frosten er innom på besøk kvar natt. I går var eg og minstemann ute i hagen, og plutseleg kjem han springande mot meg og roper "Mamma, mamma. Det har blitt is i traktoren min. Kom og sjå". Eg blir med bort og ser at det ganske riktig har blitt is i tilhengjaren på traktoren. "Åh, mamma. Det har blitt is i traktoren - no er det snart jul :-D". Guten dansar reine sigersdansen i pur glede over isen og kva den ber bud om.
Det var første leksjon i kunsten å gle seg.

fredag 24. september 2010
Akkurat i det...
...eg skulle blogge så blei det interessant. Problematferd er hjertebarnet mitt. Sorry Nina ;-)
mandag 26. juli 2010
Mitt navn er Håvard, og jeg er redd
Jeg har en sønn. Vel - faktisk så har jeg to, men det er bare den ene som er redd. Han ligner sin mor. Vi har en sunn skepsis mot alt som er nytt - det være seg smaker eller opplevelser. Forleden så skulle vi i båten til morfar. Det er en liten båt med påhengs på - og ja, det var litt bølger selv om været var fint. Håvard har ikke vært i båt siden i fjor sommer - også da i morfars lille robåt med påhengsmotor - så han var skeptisk. Og han ble ikke tryggere av presiseringa av hvor viktig det var at alle hadde redningsvest på - som sin mor så han dette bare som et bevis på hvor farlig denne ekspedisjonen faktisk var....
Men, selv om vi er redde, lillebror og mamma, så er vi ikke feiginger - så lillebror kom seg i båten og satte seg tett, tett inntil mamma. Mamma pleier ikke å være redd i båten - men siden hennes kjære mann hadde tatt seg bryet med å nevne at "nyglo" i båten var løs (proppen i båten med andre ord) - så kjente jeg at jeg levde for å si det sånn. Men hvor galt kunne det egentlig gå? Vi hadde redningsvester, en hund, og en annen familie som kjørte i en mye bedre båt enn oss med oss, så mor bestemte seg for at det verste som kunne skje var at man ble liggende og kave i vannet en stund før man ble reddet. Det får man tåle.
Far startet båten - for styring av båter det er manneting har jeg skjønt. Lillebror og mamma satt på nest-fremste tofte i båten. Vi kjørte forsiktig ut av vika, og mor spurte far om ikke han kunne være snill å kjøre litt fortere, samtidig som hun forsikret seg om at proppen fortsatt var i. Vel ute i Herdlefjorden slo bølgene vann inn i båten - sånn er det å kjøre liten båt i bølgevær, og mor lo trygt med armen rundt lillebror for å vise hvor lite farlig det var. Da hørte hun at lillebror hadde laget seg en ny sang. Melodien endret seg stadig - men teksten var den samme. Om og om igjen. "Mitt navn er Håvard, og jeg er redd".
Det blir en fin historie å fortelle i konfirmasjonen - for alle som hører historien da vet hvor veldig kort det er mellom Sætre og Herdla - og at forlis med småbåter i godt vær aldri har forekommet på strekninga ;-).

Geocaching med livet som innsats....
Dei tre siste dagane har eg vore på jakt. På jakt etter cachar. Den første var lett. Først køyrde eg i ein time saman med dattra mi og søstra mi. Så gjekk eg ein time opp på eit fjell, hang utfor ei fjellhylle med fri utsikt 180 meter rett ned, fann geocachen og gjekk ein time ned før eg køyrde ein time heim. Nemnde eg at dattra mi trakka ned i ei synkemyr og mista skoen? - jammen bra søstra var med for å stappa armen nedi og berga dagen ;-).
Den andre var litt verre - den låg på ei lita øy, og eg skulle padla ut dit i kajakk. Det hadde eg aldri prøvd før - og heldig som eg er var søstra mi med i dag også - og ho fiksa biffen så eg ikkje velta ugrasiøst ut i vatnet då kajakken skulle bestigast, og avstigast. Cachen fann me lett - det var ein gøy cache å finna.
Den tredje - den fann me ikkje. Og det var ikkje fordi me ikkje lette. Men kva slags idiot legg eigentleg ein cache på ei skytebane? Turen starta optimistisk - i dag var søstra og niesa mi med. Me la i veg, og ikkje ein gong doble piggtrådgjerder skulle få stoppa oss. Søstra mi løfta opp gjerdet og sa til jentungen; "Kom her, du kan berre gå under her.... AU! - det er jo eit strømgjerde!" Me kosta på oss ein god latter før me la oss ned som ekte elitesoldatar og rulla oss under gjerdet uten å reflektera særleg over grunnane til at folk set opp straumførande piggtrågjerder... Så trava me gjennom fin natur, og entra nok ein gong eit piggtrågjerde då me skulle ut av området. Me sjekka gpsen og vart einige om ei fin rute medan me undra oss litt over kvifor alle kyrne på øya gjekk fritt. Kumøkk og asfalt var fort eit vant syn - og før me visste ordet av det sto sandalen godt planta i ei diger rue. Ikkje min sandal heldigvis.... Og me gjekk og gjekk. Forbi kyrkja og der såg me målet. Målet låg midt i ei skytebane og me vurderte å droppa heile leitinga. Men det gjorde me altså ikkje likevel. Nok ein gong forserte me eit piggtrådgjerde og fulgte "kanten" rundt området. Me fann ut at me måtte komma oss meir inn på området for å finna cachen - men vegetasjonen var tett..."Eg nekter å gå gjennom dei brenneslene for å komma ned", "Nei, vi drit i å finna cachen" var berre to av mange utsegn som kom. Men me gav ikkje opp - ikkje fordi eg er ein tøffing - men fordi søstra mi er ein. Til slutt kjempa me oss gjennom ein skog av lavtvoksande grantrær, og med barnåler over alt - absolutt over alt - på kroppen kom me oss ned til stranda. Der fann me ein ball - og konstaterte at me måtte klatra opp eit stup for å finna cachen. Etter hundre forsøk på å entra den vesle, men tett gjenvokste høyden måtte me forlata oppdraget utan hell. Mobilane begynte etterkvart å kime då dei andre lurte på kvar me var. Me hadde jo med oss ei røys med båtar utover, så alle vart sendt heim utanom ein stakkar som måtte venta på oss tre. Og til slutt kom me tilbake til stranda igjen, to og ein halv time etter at me gjekk. Og sidan me berre hadde gått rundt 4 kilometer så forventer eg å bli trudd når eg seier at dette var ein skikkelig dritt-tur i forferdelig terreng. Eg er djupt imponert over 6-åringen som var med og som hadde kumøkk oppover leggen og var like blid :-).
Og i morgon så skal me prøva å finna ein annan cache :-D

lørdag 24. april 2010
Sånn som eg har strevd
Å lage banner til en blogg er ikkje berre berre. Akkurat i det ein syns at det har blitt bra så ser ein at banneret har blitt litt for langt. Jammen bra at eg ikkje er pedantisk - for då hadde eg blitt nøydd til å endra det igjen. I staden så går eg ut i gangen og maler ferdig gangen. Ikkje med så veldig stor glede og entusiasme akkurat, men mest på trass. Dessverre var det venstrehandsarbeid som vart gjort i går så taket må malast endå ein gong før eg kan gå i gong med veggane. *gaah*
Abonner på:
Innlegg (Atom)