mandag 26. juli 2010

Geocaching med livet som innsats....

Dei tre siste dagane har eg vore på jakt. På jakt etter cachar. Den første var lett. Først køyrde eg i ein time saman med dattra mi og søstra mi. Så gjekk eg ein time opp på eit fjell, hang utfor ei fjellhylle med fri utsikt 180 meter rett ned, fann geocachen og gjekk ein time ned før eg køyrde ein time heim. Nemnde eg at dattra mi trakka ned i ei synkemyr og mista skoen? - jammen bra søstra var med for å stappa armen nedi og berga dagen ;-).

Den andre var litt verre - den låg på ei lita øy, og eg skulle padla ut dit i kajakk. Det hadde eg aldri prøvd før - og heldig som eg er var søstra mi med i dag også - og ho fiksa biffen så eg ikkje velta ugrasiøst ut i vatnet då kajakken skulle bestigast, og avstigast. Cachen fann me lett - det var ein gøy cache å finna.

Den tredje - den fann me ikkje. Og det var ikkje fordi me ikkje lette. Men kva slags idiot legg eigentleg ein cache på ei skytebane? Turen starta optimistisk - i dag var søstra og niesa mi med. Me la i veg, og ikkje ein gong doble piggtrådgjerder skulle få stoppa oss. Søstra mi løfta opp gjerdet og sa til jentungen; "Kom her, du kan berre gå under her.... AU! - det er jo eit strømgjerde!" Me kosta på oss ein god latter før me la oss ned som ekte elitesoldatar og rulla oss under gjerdet uten å reflektera særleg over grunnane til at folk set opp straumførande piggtrågjerder... Så trava me gjennom fin natur, og entra nok ein gong eit piggtrågjerde då me skulle ut av området. Me sjekka gpsen og vart einige om ei fin rute medan me undra oss litt over kvifor alle kyrne på øya gjekk fritt. Kumøkk og asfalt var fort eit vant syn - og før me visste ordet av det sto sandalen godt planta i ei diger rue. Ikkje min sandal heldigvis.... Og me gjekk og gjekk. Forbi kyrkja og der såg me målet. Målet låg midt i ei skytebane og me vurderte å droppa heile leitinga. Men det gjorde me altså ikkje likevel. Nok ein gong forserte me eit piggtrådgjerde og fulgte "kanten" rundt området. Me fann ut at me måtte komma oss meir inn på området for å finna cachen - men vegetasjonen var tett..."Eg nekter å gå gjennom dei brenneslene for å komma ned", "Nei, vi drit i å finna cachen" var berre to av mange utsegn som kom. Men me gav ikkje opp - ikkje fordi eg er ein tøffing - men fordi søstra mi er ein. Til slutt kjempa me oss gjennom ein skog av lavtvoksande grantrær, og med barnåler over alt - absolutt over alt - på kroppen kom me oss ned til stranda. Der fann me ein ball - og konstaterte at me måtte klatra opp eit stup for å finna cachen. Etter hundre forsøk på å entra den vesle, men tett gjenvokste høyden måtte me forlata oppdraget utan hell. Mobilane begynte etterkvart å kime då dei andre lurte på kvar me var. Me hadde jo med oss ei røys med båtar utover, så alle vart sendt heim utanom ein stakkar som måtte venta på oss tre. Og til slutt kom me tilbake til stranda igjen, to og ein halv time etter at me gjekk. Og sidan me berre hadde gått rundt 4 kilometer så forventer eg å bli trudd når eg seier at dette var ein skikkelig dritt-tur i forferdelig terreng. Eg er djupt imponert over 6-åringen som var med og som hadde kumøkk oppover leggen og var like blid :-).

Og i morgon så skal me prøva å finna ein annan cache :-D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar