tirsdag 23. februar 2010

"Den som kommer sist i mål er like sliten som den som vinner"

I desse OL-tider kom eg til å grubla over skule og elevar og læring og slikt, og heilt tilfeldig ramla eg over dette sitatet frå ein ung Vegard Ulvang. Og det er så sant som det er sagt. Unge Ulvang snakka den gong om fem-mila. Det var i 1984.

Skulen i dag er som ein fellesstart der alle skal gå same løypa, og alle skal i mål. Som i andre konkurransar er det vinnaren og dei øvste plasseringane som gjev heider og ære. Men me kan trygt konstatera at den som kjem sist i mål truleg er minst like trøytt som den som vann fellesstarten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar