torsdag 9. juni 2011

Det finst ikkje dårleg vær - berre dårlege klær

I say: BULLSHIT

Lurer på om hangen til fanatisme er ein av dei eigenskapane som er såpass tillpasningsdyktig at den i generasjon etter generasjon heng med i det naturlege utvalet til Darwin. Religiøse fanatikarar har hatt gode kår i tusenvis av år. Helsefanatisme er vel meir av det nymotens slaget - ein overflodsfanatisme på eit vis. Og så har me værfanatistane. Dei som skal arrangera alt ute, og som er konsekvent i mot avlysning sjølv om det lyner og tordnar og ein må vassa til knes i vatn for å delta i happeningen. Værfanatikarane. Eg hugsar gymlæraren min, han var ein slik; "Det finst ikkje dårleg vær, berre dårlege klær" proklamerte han friskt før han låg på sprang med joggesko og regntøy. Me måtte jo berre følgja etter, i joggesko og utan regntøy. No er eg mor, og som mor til tre er det mange arrangement i løpet av året. Og eg har gjort nye møter med værfanatikarane. Lurer på om dei ville ha reist på korstog til Konstantinopel om dei hadde levd for tusen år sidan, men sidan religion er lite pop om dagen så har dei sikta segn inn på helse og dårleg vær i staden. Sjølv må eg tilstå at eg håper det slutter å regne snart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar