mandag 18. april 2011

Simsala Søm

Det er så mykje ein skulle gjort, men så lite motivasjon til å faktisk gjere det. På den måten har eg det veldig likt med elevane mine, det er ikkje evnen, og forsåvidt ikkje viljen heller, det går på - det er motivasjonen. Skulle gjerne ha gjort det, men - nei, ikkje i dag i alle fall.

Som det står i headeren er eg student. Det er ein månad og ein dag til eksamen, og pensumbøkene ligg trygt i bokhandelen fortsatt. Det var dette med motivasjonen. På eit vis så trur eg nok at eg har kontroll, og derfor får eiegode Theo Koritsinsky (skriv han namnet sitt slik mon tru?) liggje i fred for meg - så er den tilgjengeleg for nokon som verkeleg treng å lesa han.

Men - sidan eg slett ikkje les til eksamen, og eg ser enden på novelleretting og plagieringshelvetet - då har eg brått fått tid til å sy. Sy - eg som aldri har sydd meir enn nokre gardinlengder har brått fått det for meg at eg skal sy. Eg er jo slett ikkje flink til å sy, og tålmodig er eg i alle fall ikkje - derfor er syprosjekta enkle og ikkje større enn at dei vert ferdige på ein kveld eller to. No har me snart brødkurvar nok til å byte til kvart måltid, fleire dagar på rad. Og vesker til eit fleirtal av familiens medlemmar er også produsert. For ikkje å snakke om kjolar til den stakkars dottera mi - ho gler seg nok ekstra til denne dilla er over ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar